Grey Gardens

Grey Gardens
Anbefalt aldersgrense 15 år
Amerikansk overklasse i slummen. En utrolig men sann historie..
Dei to damene vi blir kjent med i denne kontroversielle dokumentaren, "Big Edie" og "Little Edie", var tanta og søskenbarnet til Jacqueline Kennedy Onassis. Men tru no ikkje at det er ein film om dekandensen hos to overklassemenneske. Det er i staden historia om ei mor og ei datter som bur i eit forfallent bygg som myndigheitene trua med å stenge, grunna brot på sanitetsforskriftene. Dette gav mange overskrifter i avisene, for "Big Edie", den eldste av dei, var født aristokrat, søstera til Jackie O's far. Dattera "Little Edie" var, og er fortsatt i filmen, ei svært vakker dame som hadde lyst til å stå på scena og foran kamera. Dette gav ho opp, då ho stakk frå New York for å ta seg av mora si. Det fortsette ho med. "Big Edie" var på si side ein trent sopran, og saman er dei to kunstneriske og eksentriske damer som er grunnlaget for ein dokumentarfilm med mange lag. NB! ENGELSK TALE, UTEKSTET.


Medietilsynet
105061